STREIF på Sotra søndag
25. juni 2006 Søndag 25.06.06 kan du bli med på ei unik oppleving.
Det vert arrangert Streif i Nordsjøløypa mellom Telavåg
og Glesvær i Sund kommune. Eit streif gjennom kulturlandskapet
samtidig som du får ei matoppleving tufta på lokale
mattradisjonar.
Denne turen er tidfesta slik at ein i høve til tidevatnet
tek plass i ei hole i havkanten for å få ei konsertoppleving
utanom det vanlege. Det vert båttransport til Handelstaden
Glesvær. Glesvær Kafé er open for middagsgjester.
Til Glesvær kan du koma med bil ved å fylgja riksveg
555 frå Bergen Sentrum til Sotra. Glesvær ligg sør
på Sotra og staden er skilta på riksvegen. Du kan ta
buss frå Bergen kl. 11.10 og koma til Telavåg kl. 12.25.
Du kan reisa med buss frå Glesvær kl. 20.50 og koma
til Bergen 21.55.
Program:
11.45 Oppmøte på Handelstaden Glesvær. Parkering
vert tilvist.
12.00 Busstransport til Nordsjøfartmuseet i Telavåg.
12.30 Filmframsyning og utstillingar på museet.
13.00 Lunsj. Fiskesuppe i museumskaféen.
14.00 Fottur til konsert. Forfriskningar.
16.00 Båttransport til Glesvær.
17.30 Båten kjem til Handelstaden Glesvær.
Pris: Vaksne: kr. 200,- . Born u. 15 år: kr. 100,-.
Alt i programmet er inkludert i prisen. Påmelding til:
Nordsjøfartmuseet tlf. 56327440 e-post: nordsjofartmuseet@museumvest.no eller
Glesvær Kafé tlf. 95103394 e-post: bakeriet@holmakaien.no
|